2019-tal frå Lotteritilsynet syner at 55 000 nordmenn har spelproblem, og dette er ein auke frå 34 000 problemspelarar i sist undersøking gjort i 2015. Vidare har talet på moderate risikospelarar auka frå 88 000 i 2015 til 122 000 i 2019.

Det er særs viktig å hindre ei videre negativ utvikling når vi veit kor store konsekvensar spelavhengigheit har for den einskilde, dei pårørande og for samfunnet. Spekter meiner lovforslaget gir myndigheitene fleire og betre verkemiddel for å håndheve den reguleringsmodellen ein har for pengespel i Noreg, og at omsynet til å sikre ansvarlege pengespel, hindre økonomisk mislighald og privat økonomisk forteneste er godt ivaretatt.

Spekter vil særleg understreke viktigheita av at regjeringa held fast på einerettsmodellen, for å sikre ansvarlege pengespel, førebyggje speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel.

Les høringen her