Tysdag 16. juni var Arbeidsgiverforeningen Spekter på høyring i familie- og kulturkomiteen på Stortinget om forslag til ny språklov. Spesialrådgjevar Åslaug L. Magnusson og advokat Ane Wigers var Spekters representantar.

I lovforslaget til ny språklov har ein tatt utgangspunkt i verkeområdet til offentleglova når ein har utforma verkeområdet til språklova. Spekter ser at dette er ein teknikk lovgjevar nyttar seg av i fleire lover, mellom anna i lovforslaget frå arkivlovutvalet, og no også språklova. Spekters representant, spesialrådgjevar Åslaug L. Magnusson, framheva at dette er problematisk.

- Offentleglova skal først og fremst ivareta demokratisk kontroll med korleis det offentlege, og i denne samanheng offentleg eigde verksemder, utfører sitt samfunnsoppdrag og nyttar offentlege midlar. Det er ikkje like sjølvsagt at verksemdene omfatta av offentleglova er eigna objekt for å realisere føremålet med språklova, sa Magnusson.

Spekter registrerer at Kulturdepartementet legg opp til at det skal gjerast unntak i forskrift for enkelte. Dette tyder på at ein har forstått problemet, men Spekter meiner at dette ikkje løyser problemet.

Blir dette ståande burde i alle høve prosessen med å utferdige forskrift kome parallelt med lovproposisjonen, for å skape eit føreseieleg resultat.

Spekter tok til orde for at ein heller må ta konkret stilling i vedtektene til kvar enkelt verksemd om dei skal vere omfatta.

- Spekters forslag hadde gitt ein tydeleg og føreseieleg prosess, der ein unngår forvirring når lova skal implementerast. Det vil alle tene på, både selskapa og ikkje minst språket, avslutta Magnusson.

Spekters notat til Stortinget om språklova: