spekter.no>Spekter mener>Innspel til høyring om ny medieansvarslov

Innleiing

Vi viser til høyring om forslag til ny lov om redaksjonell fridom og ansvar i redaktørstyrte journalistiske media, og leverer med dette vårt innspel. Spekter vel ei kortfatta høyringsform og viser elles til vårt medlem NRK sitt høyringssvar, som vi stiller oss bak.

Først er Spekter positive til at departementet føreslår ei ny medieansvarslov, då det er eit klårt behov for å samle og oppdatere noverande regelverk.

Spekter meiner at sterke og uavhengige redaktørstyrte media berre vil bli viktigare for demokratiet og samfunnsutviklinga i tida som kjem. Vi meiner også det er heilt avgjerande at ei ny lov held på formålsføresegna si stadfesting av at lova sitt overordna mål er å oppfylle infrastrukturkravet i Noregs Grunnlov § 100 –Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Dei frie journalistiske media er sjølvstendige byggesteinar i vårt demokrati. Den digitale utviklinga har ført til nye utfordringar for ytringsfridomen og det er difor heilt avgjerande for ei ny lov å legge til grunn det prinsipielle skiljet mellom frie redaktørstyrte media og andre media/tenester, slik departementet gjer i høyringsnotatet.

Prinsippet om redaksjonell fridom

Departementet føreslår å behalde Kkl. § 2-3 første ledd, og legg til grunn at behovet for å oppretthalde føresegna bør vurderast i samband med revisjon av kringkastingslova. Føresegna lyd som følgjer: «Den som ikke har medvirket eller som ikke har programansvar kan ikke kreve å få se eller høre et program før sending». Denne føresegna kan tolkast slik at dei som har medverka i eit program har rett til å sjå programmet før sending, noko som strid mot prinsippet om redaksjonell fridom. Difor bør føresegna strykast. I tillegg er dette ei særskild føresegn for «program», noko som verkar kunstig. Alt redaksjonelt innhald bør så langt det er mogleg regulerast likt, slik det også er regulert i Ver Varsam-plakaten.

 

Departementet føreslår å ta inn ei setning henta frå Kkl. § 2-3 andre ledd i forslaget til § 8 om redaksjonell fridom: «Dette begrenser ikke adgangen til å gi pålegg eller å beslutte og iverksette tvangstiltak etter tvisteloven». Medan Kkl. §2-3 gjeld alle som ikkje har medverka eller har programansvar, fastslår medieansvarslova § 8 berre redaksjonell uavhengigheit knytt til eigar og utgjevar. Eigar eller utgjevar kan ikkje gi pålegg eller avgjere og sette i verk tvangstiltak etter tvistelova. Det ville vore problematisk knytt til forbodet mot førehanssensur i Grunnlova § 100.

Det strafferettslege og sivilrettslege redaktøransvaret

Spekter er nøgd med at det straffe- og erstatningsrettslige redaktøransvaret er gjort plattformnøytralt, slik at det også gjeld publisering på nett. Vi forstår det vidare slik at dette ikkje skal gjelde for «brukargenerert innhald» (innhald publisert på nett i kommentarfelt og liknande utan førehandsmoderering), slik at redaktøren berre kan gjerast ansvarleg for «brukargenerert innhald» bygd på dei allmenne straffe- og erstatningsreglane.

Føretaksstraff

Spekter meiner det bør gjerast eit eksplisitt unntak for media frå føresegna om føretaksstraff. Media sin redaksjonelle fridom er ein grunnleggande føresetnad for den viktige samfunnsrolla media har i eit demokratisk samfunn og som den nye lova skal bygge opp under. Bruk av føretaksstraff – eller frykt for at føretaksstraff kan bli brukt kan føra med seg at eigarane vil ønskje å påverke redaktøren i publisistiske spørsmål for å unngå straffeansvar.

Brukargenerert innhald i redaktørstyrte media

Spekter er einige med departementet i at det vil tene debattklima og det offentlige ordskifte om samfunnsdebatten i stor grad går føre seg i fora som er opne for alle, og der moglegheita for sosial og offentleg kontroll er større enn i smale og lukka fora der det lett oppstår ekkokammer. Difor meiner Spekter det er viktig at ansvarsreglane ikkje vert skjerpa på dette feltet.

Departementet føreslår ein regel om vilkårsbunde ansvarsfritak i §14 i lovforslaget. Alternativt føreslår departementet ei pliktføresegn om å fjerne rettsstridig innhald utan ugrunna opphald etter at redaktøren har fått kunnskap om det – utan at plikta skal kunne handhevast med sanksjonar på sjølvstendig grunnlag og utan at det er knytt ansvarsfridom til føresegna.

Spekter er einige i at det er ein fordel om rettstilstanden kan verte avklara slik at redaktøren og andre redaksjonelle medarbeidarar veit kva dei kan gjere for å gå fri frå ansvar i dei tilfelle det er opna for uredigerte kommentarar, og ser difor forslaget om vilkårsbunde ansvarsfritak som det beste av dei to alternativa.

Teieplikt for kjelder si identitet

Media si viktigaste rolle i eit demokratisk samfunn er å bringa fram informasjon av allmenn interesse, og dette er grunnen for at media er gitt eit særskild sterkt vern etter EMK artikkel 10 om ytrings- og informasjonsfridom. Den avgjerande grunngjevinga for eit rettsleg sett tilnærma absolutt kjeldevern er såleis at eit kvart inngrep i kjeldevernet vil ha kjølande effekt på framtidige potensielle kjelder og medføre at media sine informasjonskanalar tørkar ut.

Spekter er einig i at gode grunner talar for å lovfeste ei alminneleg teieplikt for kjelder si identitet. Ei føresegn om teieplikt for kjelder som er lova anonymitet vil kunne synleggjere at kjeldevernet gjeld for alle og i alle situasjonar.

Ein føresetnad for ei slik lovføresegn er at føresegna blir utforma slik at kjeldevernet står fram som absolutt og i tråd med rettstilstanden slik den er etter rettspraksis frå EMD og Høgsterett. Den må ikkje stå til hinder for at media kan fylle si viktige samfunnsrolle og slik også hindre borgarane sin rett til å få informasjon av allmenn interesse.

Spekter vil også på same måte som NRK understreke at om lova skal innehalde ei lovføresegn om kjeldevern/teieplikt, bør kjeldevernet også knytast til infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd.